top of page

GARDEN MÅN GJENNOM 400 ÅR

  • btv086
  • Sep 11
  • 1 min read

Me kjenner historia om gardane på Mån sidan frå sist  i middelalderen. Mest sannsynleg har det  vore bufaste folk der tidlegare og. I jordbruksmanntalet i 1649 er både Mån og Fed omtala som øydegardar. Om dette tyder at gardane låg øyde etter svartedauden, veit me ikkje. – I 1975 skreiv lokalhistorikar Gudtorm Mikkelson (Øvre Espedal) ned det han hadde funne ut om dei som har butt på Mån gjennom tidene. Dette er og grunnlaget for kapitlet om Mån-gardane i Gards- og ættesoge for Gjesdal, indre del , bind I (bygdaboka).  I notatet frå 1975 er framstillinga meir detaljert og  meir levande. Grunnlaget for notatet er skriftleg kjeldemateriale samt intervju med nokre av dei siste som vaks opp  på Mån.

Det kan vera krevjande å lesa desse sidene med gardshistorie. Her er utruleg mange namn og detaljar. Kanskje ein god idé å ha bygdeboka ved sida av seg for å sjå samanhengen !

Dette notatet av Gutdorm Mikkelson er reinskrive etter ein manuskopi som tilhøyrer Harald Kommedal, Ålgård. (Klikk på linken under bildet).

PS: Les og artikkelen av Sidsel Hatleskog og Odd Rønningen: "Mån i Fidjadalen. Intervju med Peder Østebø" (1987).

Gardshus Måen ca 1900
Gardshus Måen ca 1900

 
 
 

Comments


  • Facebook

© 2006/2022 Bjødna-Tores Venner
Organisasjonsnummer: 990 130 906 | Bankkonto: 3201 38 86279 | Vipps: #638379 

bottom of page