Rasmus Tveteraas var fødd på Osterøy. Han kom som nyutdanna lærar til Forsand midt på 1880-talet. Han var lærar i Kålabygda men kjøpte seg gard på Helle og budde her. I 1887 gifta han seg med Laurensa Larsdatter Mæle. Dei flytte seinare til Stavanger – budde på Nytorgjå. Han vart rektor på Våland skule, skuleinspektør i byen og seinare stortingsmann for Venstre 1924 – 1930. Rasmus Tveteraas var svært interessert i historie og formann i Rogaland historielag nokre år. Stoffet til artikkelen «Huldresegner fraa Høgsfjord» fekk han av Tollag Brække på ein båttur til byen.
Les artikkelen via linken under bildet.
Comments